Aurland StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Aurland

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Aurland Kommune
Finn Aurland
Firda
Jobb Aurland
Leie Aurland
NRK Sogn og Fjordane
Sogn Avis
Torget Aurland

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Innstillingar på Lavik-OppedalNRK Sogn og Fjordane
Avgangen frå Lavik kl. 21.10 og frå Oppedal kl. 21.40 går ut, melder Norled. Innstillingane skuldast «nødvendig lading og vêrforhold.»
2019-11-20 21:19:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso.
2019-11-20 20:52:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny styreleiar i Bremanger HamnNRK Sogn og Fjordane
Elisabeth Birkeland Hatlenes (H) er ny styreleiar i KF Bremanger Hamn, skriv Firdaposten. Hatlenes tek over etter Kåre Jarl Langeland (V).
2019-11-20 20:18:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oljesøl i SløvågNRK Sogn og Fjordane
Det blei i ettermiddag registrert oljesøl i sjøen ved Sløvåg i Gulen, skriv Porten.no. Brannsjef Sigvald Kvinge seier til nettavisa at sølet skuldast overfylling av ein tank hos verksemda Wergeland-Halsvik AS. Kvinge seier oljen i utgangspunktet er ufarleg, og trur ikkje den vil skade fulge- og dyrelivet i området. Verksemda vil no sjå nærare på kva som har skjedd.
2019-11-20 19:19:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso.
2019-11-20 18:43:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilling på Vangsnes-HellaNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Vangsnes-Hella blir i kveld og torsdag kveld midlertidig innstilt mellom kl. 23.20 og 01.40. Innstillinga skuldast vegarbeid, melder Statens vegvesen.
2019-11-20 17:26:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferjeproblem på SognefjordenNRK Sogn og Fjordane
Uver og lading stoppar ferja på Lavik - Oppedal på E39 over Sognefjorden. Det blir ingen avgang frå Lavik klokka 1610 eller frå Oppedal klokka 1640.
2019-11-20 16:27:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har inngått forlikNRK Sogn og Fjordane
Nordplan og Trivselshagen har inngått forlik i tvistesaka om badeanlegget i Trivselshagen på Sandane, skriv Firda. Anlegget var stengt i over eitt år i 2016 og 2017. I forliket kjem det fram at Trivselshagen ikkje kjem til å forfølge krav mot Nordplan knytt til skadane som oppstod i symjeanlegget. Feil ved prosjektering av varmepumpeanlegget inngår i forliket.
2019-11-20 16:15:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opphevar formannskapet i GulenNRK Sogn og Fjordane
Det nyvalde formannskapet i Gulen kommune oppfyller ikkje reglane om kjønnsrepresentasjon i kommunelova. Dermed opphevar fylkesmannen i Vestland heile formannskapet. Kommunen må no halde eit nytt val.
2019-11-20 14:28:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Støttar vedtak om å sparke styre NRK Sogn og Fjordane
Stiftingstilsynet sitt vedtak der dei gav styret ved Måløyraidsenteret sparken for manglande økonomistyring, blir støtta av Stiftingsklagenemnda. Det tidlegare styremedlemmene klaga på at dei fekk sparken, men nådde ikkje fram. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på. Senteret gjekk mot millionunderskot og konkurs, men ei ekstraløyving frå Kinn kommune redda det viktige krigssenteret (biletet).
2019-11-20 13:24:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ikkje meir til fysioterapeutNRK Sogn og Fjordane
Formannskapet i Gloppen vil ikkje auke driftstilskotet til fysioterapeut Bertel Rune Kaale (biletet) med meir enn 60 prosent. Dermed støttar dei vedtaket i helse- og omsorgsutvalet. Kaale som driv Firda fysikalsk medisinsk senter har bede om ein auke på 200 prosent, og har truga med å flytte dersom ikkje kravet blir innfridd. Ei eiga støttegruppe har stått på for Kaale, men dei har ikkje vorte høyrt.
2019-11-20 12:51:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ankar ikkje frifinningNRK Sogn og Fjordane
Påtalemakta ankar ikkje frifinninga av ein mann i 20-åra etter dødsulukka i Raubergtunnelen i Lærdal for to år sidan. Ein syklist i 80-åra omkom av skadane då han vart køyrt på av ein bil. Tingretten meinte bilføraren ikkje kunne lastast for ulukka.
2019-11-20 12:51:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ikkje stenge cruisekaiNRK Sogn og Fjordane
? Det er uaktuelt å stenge cruisekaia på Nordfjordeid sjølv om eit miljøvenleg landstraumanlegg ikkje kjem på plass, seier John Olav Lefdal (bildet) som er sjef for cruisekaia. Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) har lova at landstraumanlegg vil kome, men det er framleis heilt uvisst om det vil skje. Lefdal har inngått avtale med kommunen om å drive cruisekaia i 50 år.
2019-11-20 11:22:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

115 millionar i overskotNRK Sogn og Fjordane
Fjord1 hadde i tredje kvartal eit overskot etter skatt på 115 millionar kroner. Omsetnaden vart på 705 millionar kroner. Selskapet reknar med at omsetnaden aukar når nye kontraktar startar opp 1. januar 2020. Fjord1 har i dag 17 hybridelektriske fartøy i ferjeflåten. Innan andre halvår 2020 aukar talet til 30.
2019-11-20 10:46:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengjer E16 i periodarNRK Sogn og Fjordane
E16 i Aurland blir i periodar i dag stengd ved Fretheimstunnelen, nord for Flåm. Politiet skal gjera oppmålingar og skanning av vegen etter dødsulukka i byrjinga av november. Vegen blir heilt stengd i inntil 20 minutt mellom kl. 0930 og kl. 1100.
2019-11-20 07:40:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
2019-11-19 20:37:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Protesterer på forslagNRK Sogn og Fjordane
Sogn regionråd protesterer på eit forslag om å overføre skatteoppkrevjinga til staten. Regjeringa vil legge ned fleire hundre kommunale skatteoppkrevjingskontor. Regionrådet meiner forslaget vil føre til redusert kvalitet på tenesta.
2019-11-19 20:14:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope på VikafjelletNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder at det er ope for trafikk på Vikafjellet. Eit vogntog fekk trøbbel på fjellovergangen og måtte bli berga.
2019-11-19 19:28:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vann prøve-EMNRK Sogn og Fjordane
Sogndal-spelarane Eirik Lereng og Sivert Mannsverk kunne løfte gullpokalen etter at U19 landslaget i fotball vann prøve-EM. Laget spelte uavgjort mot Portugal, men slo både Nord-Irland og Tyskland.
2019-11-19 18:31:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen klokka 18.49NRK Sogn og Fjordane
2019-11-19 18:23:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber skikøyrarar vere varsame NRK Sogn og Fjordane
Tinderettleiar i Bre og Fjell, Halvor Dannevig, ber alle skikøyrarar vere ekstra varsame i fjellet med vêret som er no. Fleire personar blei tekne av eit mindre skred på Sognefjellet i førre veke, skriv Porten.no.
2019-11-19 18:10:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gloppar skal spele for VålerengaNRK Sogn og Fjordane
Fotballspelaren Sigrid Heien Hansen frå Sandane skal spele for toppserieklubben Vålerenga til neste sesong, skriv VG. Dei siste tre åra har ho spela for Oslo-laget Kolbotn. Førebels har Hansen skrive under ein eittårskontrakt med Vålerenga.
2019-11-19 16:47:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Farleg glattNRK Sogn og Fjordane
Ein NRK-tipsar melder om at det er farleg glatt ved Skatestraumtunnelen på fv. 616 i Bremanger kommune.
2019-11-19 15:12:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Problem på VikafjelletNRK Sogn og Fjordane
Eit vogntog har fått problem på riksveg 13 over Vikafjellet. Vegvesenet opplyser at det er redusert framkome, og at store køyretøy kan få problem med å passere.
2019-11-19 13:23:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet er opnaNRK Sogn og Fjordane
Sognefjellet er opna for trafikk att. Fjellovergangen har vore stengd sidan i går på grunn av dårleg vêr. Statens vegvesen opplyser at overgangen blir nattestengd frå klokka 20.
2019-11-19 13:22:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Startar tilsynNRK Sogn og Fjordane
Fylkeslegen har bestemt seg for å gjennomføre eit tilsyn med kommunehelsetenesta i Flora og Helse Førde etter drapet i Florø. Den sikta var i kontakt med både politiet og helsetenesta i timane før drapet.
2019-11-19 12:48:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen avhøyr av den siktaNRK Sogn og Fjordane
Den sikta mannen etter Florø-drapet blir ikkje avhøyrt tysdag. Han blir flytta til det psykiatriske sjukehuset i Sandviken i Bergen. Politiet kjem til å gjere nye vurderingar kvar dag, og håpar å få intervjue mannen så snart som råd.
2019-11-19 12:39:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet opna attNRK Sogn og Fjordane
Vogntoget som i føremiddag køyrde seg fast på hordalandssida av Vikafjellet, har kome seg vidare. Det melder Statens vegvesen, som no har opna fjellovergangen att.
2019-11-19 11:29:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Sonen har det vanskelegNRK Sogn og Fjordane
Sonen til kvinna som fredag vart drepen i Florø blir teken hand om av kommunen sitt kriseteam. Til Firdaposten seier mannen sin advokat, Lene Knapstad, at mannen har det vanskeleg. Kvinna og sonen var på besøk i Florø. Ein mann i 20-åra vart søndag varetektsfengsla i fire veker etter drapet.
2019-11-19 11:11:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fryktar for 32 tilsetteNRK Sogn og Fjordane
Vert skatteordninga for småkraftverk, som no er ute på høyring vedteken, kjem 32 tilsette i Dale til å miste jobben. Det seier Bjarte Skår i Br. Dahl si avdeling for vasskraft i Dale til Firda. Avdeling sysselset 32 personar, og ser ut til å lande på ei årsomsetning for 2019 på rundt 450 millionar kroner.
2019-11-19 09:59:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventar med SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Sognefjellet skulle etter planen vurderast opna i morgontimane tysdag. Denne vurderinga er utstett til klokka 12 melder Statens vegvesen. Fjellovergangen er stengd på grunn av uvêr.
2019-11-19 08:32:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Held fram bak rattetNRK Sogn og Fjordane
Håvard Hallerud frå Førde tek ein ny sesong i Formula Nordic. Årets nykommar er den første av årets førarar som stadfestar at han blir å finne bak rattet også i 2020. 21-åringen, som køyrer for Team Greenpower, vann sesongavslutninga på Mantorp.
2019-11-19 07:23:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil av vegen i LærdalNRK Sogn og Fjordane
Ein person er send til legevakt for sjekk etter å ha køyrt av vegen på Eristrekka i Lærdal. Politiet fekk melding om hendinga klokka 0630. Ingen andre køyretøy var involverte. Politiet kan ikkje seie noko om årsaka til ulukka, mn det skal vere glatt i området. Det er no manuell dirigering forbi ulukkesstaden.
2019-11-19 06:46:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vogntog havarerteNRK Sogn og Fjordane
Bogstunnelen på E39 i Høyanger var stengt på grunn av bilberging, men er no open att, melder Statens vegvesen.
2019-11-18 21:57:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferjekai vert nattestengdNRK Sogn og Fjordane
Vangsnes ferjekai vert nattestengt natt til onsdag og natt til torsdag, melder Statens vegvesen. På grunn av vedlikehaldsarbeid vert siste avgang frå Hella kl. 22 og siste avgang frå Vangsnes kl. 22:20.
2019-11-18 21:44:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55 her NRK Sogn og Fjordane
2019-11-18 20:49:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avslutta med sigerNRK Sogn og Fjordane
Mathias Sundberg frå Sogndal og Thomas Hallstensen frå Florø var med på å slå Russland 1?0 i dag. Dette var G17-landslaget sin siste kamp i Pinatar-turneringa i Spania.
2019-11-18 20:36:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Få bønder igjenNRK Sogn og Fjordane
Årdal bondelag vurderer samanslåing med bondelaget i Lærdal, skriv Sogn Avis. Årsaka er at det er så få aktive bønder igjen i Årdal, seier leiar Ole Bjarne Hovland til avisa.
2019-11-18 18:55:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nominert til frivilligprisNRK Sogn og Fjordane
Knut Skår frå Norske Redningshundar i Sogn og Fjordane er nominert til den nasjonale Frivilligheitsprisen for 2019. Han er ein av seks finalistar. Prisen vert delt ut i Oslo 5. desember, og bak prisen står kulturdepartementet, Norsk Tipping og organisasjonen Frivillighet Noreg.
2019-11-18 18:53:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis ikkje avhøyrdNRK Sogn og Fjordane
Måndag kveld er det framleis ikkje gjort avhøyr av mannen som er sikta for drap i Florø. Mannen er sikta for å ha drepe ei 51 år gamal kvinne. 27-åringen var ikkje i stand til å møte i fengslingsmøtet i går.
2019-11-18 18:03:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nytt fylkesstyre i Vestland KrFNRK Sogn og Fjordane
Beate Bondevik Lie (t.v.) frå Luster vert første nestleiar i styret til Vestland KrF. Morten Helland (midten) frå Bømlo vert fylkesleiar. Den nye leiinga blei vald i helga. Ragnhild Stav frå Fjaler er styremedlem.
2019-11-18 15:52:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire køyrde for fortNRK Sogn og Fjordane
Utrykkingspolitiet delte ut fire forenkla førelegg under ein fartskontroll på Vassenden i Jølster i dag. Fire førarar køyrde for fort, skriv Vest politidistrikt på Twitter.
2019-11-18 15:06:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny sjef ved Havyard LeirvikNRK Sogn og Fjordane
Lasse Stokkeland har valt å trekkje seg som dagleg leiar ved verftet i Leirvik. I hans stad har styret tilsett Erlend Hatleberg (biletet) frå Dale som ny dagleg leiar. Han er i dag prosjektleiar i bedrifta. Samstundes er det også tilsett ny produksjonssjef verftet som har store økonomiske problem.
2019-11-18 14:33:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kjøper skipsdesignfirmaNRK Sogn og Fjordane
Skipsdesignfirmaet Multi Maritime i Førde har kjøpt skipsdesignfirmaet Polarny Maritime i Florø. Kjøparane er leiande i Noreg på utvikling av bil- og passasjerferjer har satsa mest på utvikling av spesialtankskip. Til saman har dei to selskapa kring 40 tilsette, dei fleste i Førde.
2019-11-18 14:27:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt over Sognefjellet NRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr. Vi vil gjere ein ny vurdering tysdag morgon klokka 08:00, melder Statens vegvesen.
2019-11-18 14:08:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Går internasjonale rennNRK Sogn og Fjordane
Brørne Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø (Markane) er tekne ut til verdscupopninga i skiskyting i Østersund komande helg. I tillegg går Førde-løparane Karoline Erdal og Håvard Gutubø Bogetveit første runde av IBU-cupen på Sjusjøen.
2019-11-18 12:58:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nattestengjer SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Fylkeveg 55 over Sognefjellet blir nattestengd frå klokka 20 til 08 tysdag morgon.
2019-11-18 12:31:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Havyard i store økonomiske vanskarNRK Sogn og Fjordane
Eigenkapitalen til verftsgruppa Havyard Ship Tecnologies er tapt. Det går fram av ei børsmelding til Oslo Børs. Selskapet jobbar no opp mot kundar og kreditorarar for å freiste å få sikra vidare drift. Etter det NRK kjenner til er alle tilsette ved Havyard Leirvik i Hyllestad kalla inn til allmøte. Verftet har innført betalingstopp.
2019-11-18 10:35:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen rekonstruksjon i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Det blir likevel ikkje noko rekonstruksjon av ulukka der ei 51 år gamal kvinne omkom på E16 ved Fretheimstunnelen. ? Vi treng omtrent same vêr som det var ulukkeskvelden, og det er det ikkje meldt i dag. Difor må vi utsetje rekonstruksjonen, opplyser tenestestadleiar Knut Arne Klingenberg hos politiet.
2019-11-18 07:58:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

500 vil jobbe i nye VestlandNRK Sogn og Fjordane
Rundt 500 søkjarar har meldt seg til dei om lag 100 ledige stillingane innan infrastruktur og veg i nye Vestland fylkeskommune, skriv Firda. Ei ny avdeling i fylkeskommunen skal ha kring 300 årsverk. 200 av stillingane er allereie henta frå Vegvesenet og dagens tilsette i fylkeskommunane.
2019-11-18 06:57:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Var i kontakt med politietNRK Sogn og Fjordane
Mannen som er sikta for drap i Florø var i kontakt med politiet natta før drapet, skriv VG. Han vart i dag varetektsfengsla i fire veker. Politiet har enno ikkje fått avhøyrt mannen. Han er innlagd på sjukehuset i Førde.
2019-11-17 20:30:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt over SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet vert stengd i natt, melder Statens vegvesen. Dei stengjer vegen mellom klokka 20 og klokka 8 i morgon tidleg.
2019-11-17 19:24:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klarte ikkje opprykkNRK Sogn og Fjordane
Stryn-kvinnene gjekk akkurat glipp av opprykk til 2. divisjon i fotball. Det einaste dei måtte unngå var firemålstap eller verre, men dei tapte 6?2 mot Sandnes-laget Lura i dag. Det siste målet skåra Lura på overtid, skriv Fjordingen.
2019-11-17 18:56:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-kvinnene vannNRK Sogn og Fjordane
Førde sitt kvinnelag i handball vann 24?23 heime mot Ålgård i 1. divisjon i dag. Det vart ein svært tett kamp, men med 21 sekund att på klokka, så skåra Alexandra Baesu vinnarmålet. Dei ligg dermed på 9.-plass på tabellen.
2019-11-17 15:53:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Drapssikta fengsla i fire vekerNRK Sogn og Fjordane
Mannen som er sikta for å ha drept ei 51 år gamal kvinne med kniv i Florø fredag, er varetektsfengsla i fire veker. Det har Sogn og Fjordane tingrett bestemt. 27-åringen får også brev- og besøksforbod for heile perioden, stadfestar politiadvokat Eli Valheim ovanfor NRK.
2019-11-17 15:08:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Legg vekk narkoaksjon på skuleNRK Sogn og Fjordane
Spesialeininga for politisaker legg vekk klagen frå elevorganisasjonen etter narkoaksjonen på Flora vidaregåande skule i fjor. Det melder Bergensavisen. Saka engasjerte veldig. Spesialeininga meiner politiet hadde heimel for å gjennomføre aksjonen slik den var skildra i ordren, og legg den vekk som «intet straffbart forhold anses bevist».
2019-11-17 13:30:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bidrog sterkt til sigerNRK Sogn og Fjordane
June Andenæs sette inn fem mål og bidrog med sterkt forsvarsarbeid då Vipers Kristiansand i går vann 34-28 over Podravka Vegeta i meisterligaen. Med andreplass i gruppespelet, tek Vipers med seg fem poeng inn i hovudrunda som blir spelt etter jul.
2019-11-17 13:13:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet er opnaNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er opna for trafikk. Fjellovergangen. Den høgste fjellovergangen i Nord-Europa har vore stengd sidan laurdag ettermiddag på grunn av uvêr.
2019-11-17 08:31:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna målkontoen «down under»NRK Sogn og Fjordane
Kristian Fardal Opseth scora sitt første obligatoriske mål i Australia då Adelaide United slo Central Coast Mariners i går. Kaupingen fastsette sluttresultatet til 3-1 like før pause. Med tre sigrar på rad, har Adelaide klatra til 5. plass på tabellen.
2019-11-17 08:27:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sladda vekk førarkortetNRK Sogn og Fjordane
Ein fersk bilførar vart i natt teken på fersken medan han sladda på Nordfjordeid. Politiet vart vitne til hendinga, og tenåringen vart fråteken førarkortet på staden og blir meld for brot på trafikklova.
2019-11-17 08:16:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tap for FørdeNRK Sogn og Fjordane
Herrelaget til Førde volleyballklubb tapte i dag mot TIF Viking. Kampen blei spelt i Bergen og enda 3?1. Førde ligg på 2. plass på tabellen med 16 poeng etter sju kampar.
2019-11-16 19:52:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skåra for NoregNRK Sogn og Fjordane
Mathias Sundberg frå Sogndal skåra 1?0-målet då G17-laget til Noreg møtte England. Kampen blei spelt i Spania og enda 4?4. Også Thomas Hallstensen frå Florø spelte. ? Dei kan vere nøgde med innsatsen mot eit godt engelsk mannskap, seier Jon Navarsete. Neste kamp er mot Russland måndag.
2019-11-16 18:05:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-damene parkerte VikingNRK Sogn og Fjordane
Førde sine volleyballdamer tok laurdag sin andre siger for sesongen mot Viking. Martine Viken sytte for 19 av Førde sine poeng i kampen som enda 3-1 (25-21, 13-25, 20-25 og 23-25). Sunnfjordingane er førebels nummer seks av ni lag i eliteserien.
2019-11-16 16:55:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellsvegen stengdNRK Sogn og Fjordane
Uvêr stengjer no fylkesveg 55 over Sognefjellet. Ifølgje Vegtrafikksentralen vil det bli gjort ny vurdering i morgon klokka 09.00.
2019-11-16 16:25:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Julia sterkast i NordenNRK Sogn og Fjordane
Julia Jordanger frå Breimsbygda IL vart laurdag Nordisk meister i vektløfting for ungdom. Med 149 kg samanlagt vann ho med god margin under stemnet i Sverige. Glopparen skal i desember delta under ungdoms-EM i Israel. Nordisk-debutantane Kristen Røyseth og Henrik Reiakvam (begge 15) frå Tambarskjelvar IL i Naustdal tok høvers vis sølv og bronse i klarre 73 kg.
2019-11-16 15:42:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Promillemistanke i SognNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførar er mistenkt for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Det var Utrykkingspolitiet som stogga vedkomande under ein promillekontroll i Trolladalen i Sogndal. Politiet opplyser på Twitter at førarkortet vart beslaglagt på staden.
2019-11-16 12:34:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kallar inn til pressebriefNRK Sogn og Fjordane
Vest politidistrikt orienterer pressa om drapet i Florø klokka 1330. Det er påtaleansvarleg Eli Valheim og politifagleg etterforskingsleiar Steinar Flaktveit som møter, for å gi siste nytt i saka.
2019-11-16 12:08:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kommune braut anbodsreglarNRK Sogn og Fjordane
Fjaler kommune braut reglane for offentleg anskaffing då dei gav ein lokal entreprenør, og ikkje Harald Kapstad i Førde, eit byggjeprosjekt ved Fjalerhallen. Det skriv Firda. Klagenemnda for offentlege anskaffingar konkluderer med at kommunen mellom anna gav motstridande opplysningar i konkurransen.
2019-11-16 09:33:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferje innstilt i SolundNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Haldorsneset-Daløy i Solund er mellombels innstilt på grunn av tekniske problem. Fjord1 opplyser at det i staden blir nytta passasjerbåt for persontrafikk.
2019-11-15 21:19:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mangla vinterdekk på hengarNRK Sogn og Fjordane
Ein norsk yrkessjåfør må betale 8.000 kroner etter at han magla fire vinterdekk på tilhengaren sin. I tillegg fekk ein norsk bil køyreforbod og måtte på verkstad på grunn av feil på ABS-bremsesystemet. I alt vanka det reaksjonar mot åtte førarar under kontrollen på Nordfjordeid.
2019-11-15 20:43:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Riksveg 52 stengd i 30-40 timarNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 52 blir frå midnatt stengd i 30-40 timar ved Robru, mellom Gol og Hemsedal. Statens vegvesen opplyser at eit vogntog skal bergast. Det blir lokal omkøyring for personbilar, men køyretøy over 7,5 tonn må velge andre ruter.
2019-11-15 20:28:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hovland såg storsiger frå benkenNRK Sogn og Fjordane
Even Hovland var unytta reserve då Noreg sine landslagsherrar i fotball leika seg til 4-0 over Færøyane. Kampen var den nest siste i kvalifiseringa til neste års EM.
2019-11-15 20:01:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Her kan du sjå Vestlandsrevyen. Programleiar er Tale Hauso.
2019-11-15 18:45:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde bil etter to flasker spritNRK Sogn og Fjordane
Tidleg ein juli ettermiddag i år køyrde ei kvinne bil, sjølv om ho hadde drukke to flasker Jägermeister. Etter køyreturen med 2,23 i promille, må kvinna betale 30.000 kroner i bot og klare seg tre år utan førarkort. Fengselsstraff på 30 dagar utsett med to år om ho gjennomfører program mot ruspåverka køyring.
2019-11-15 18:38:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Overtidsdrama i prøve-EMNRK Sogn og Fjordane
Både Eirik Lereng og Sivert Mannsverk fekk tillit frå start for det norske G18-landslaget i fotball mot Tyskland under prøve-EM i dag. Tyskarane tok leiinga, men tre minuttar på overtid sytte Noah Holm for norsk 2-1-siger. Noreg starta meisterskapen med å slå Nord-Irland 3-0.
2019-11-15 17:05:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No er dei i same klubb attNRK Sogn og Fjordane
Fotballtvillingane Stefan og Peter Aase frå Florø blir igjen å finne i same klubb neste sesong. 24-åringane skal begge spele for 3. divisjonsklubben Lysekloster, melder haugenfotball.no. Tvillingane tidlegare representert Florø og Sogndal.
2019-11-15 16:56:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Florøværing forlater BTNRK Sogn og Fjordane
Florøværingen Øyulf Hjertenes sluttar som sjefredaktør i Bergens Tidende. Han har jobba i avisa i 16 år, og vore toppsjef dei siste tre åra. Han sluttar for å bli direktør i Schibsted Kyst, samanslutninga av Schibsted-avisene langs kysten. Politisk redaktør Frøy Gudbrandsen er konstituert som sjefredaktør inntil vidare.
2019-11-15 15:23:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I Årdal får du no kjærleiksgarantiNRK Sogn og Fjordane
Politikarane har bestemt at pleietrengande eldre par skal få dele rom på sjukeheimar eller i omsorgsbustadar. Det skriv Porten.no. No er kjærleiksgarantien eit eige punkt i helse- og omsorgsplanen til kommunen.
2019-11-15 11:21:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ordføraropprør i StortingetNRK Sogn og Fjordane
Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) har levert inn skriftleg spørsmål til olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) der ho spør om statsråden kan garantere om vindkraftutbyggjarar får avslag, i område der politikarar og innbyggjarar har sagt nei til planane. Heggø forventar eit klart svar frå statsråden.
2019-11-15 10:50:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil sperra veg i DaleNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil stod på tvers i morgontimane ved Sletteland i Dale. Det blei meldt om lange køar og at det var glatt på staden. Vegen er no open.
2019-11-15 08:45:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil stoppe erstatningsordningaNRK Sogn og Fjordane
Arbeidarpartiet meiner erstatningsordninga som er føreslått for pelsdyrbøndene er så dårleg at bør skrotast. Det seier næringspolitikar Terje Lien Aasland til Nationen. Landbruksminister Olaug Bollestad frå KrF er innan kort tid venta å leggje fram den endelege forskrifta om kompensasjon til pelsdyrbøndene som må avvikle drifta innan 2025.
2019-11-15 07:42:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannvesenet rykte ut til Gulen NRK Sogn og Fjordane
Det var kraftig røykutvikling i eit hus på Kversøyna i Gulen i natt. Det var ein person i huset som kom seg ut og fekk varsla naudetatane. ? Det var truleg kortslutning i varmtvasstanken, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Hordaland, Håkon Myking.
2019-11-15 05:56:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brev mot vindkraft NRK Sogn og Fjordane
Ordførar i Høyanger, Petter Sortland har saman med fem andre ordførarar i fylket sendt ei oppmoding til kommunane som eig vindkraftsselskapet Zephyr om å stoppe utbyggingsplanar. I kampen mot vindkraft håpar han no på gehør frå eigarkommunane.
2019-11-14 21:23:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Her kan du sjå Vestlandsrevyen 18.50. Programleiar er Øyvor Bakke.
2019-11-14 18:47:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tekniske problem for ferjestrekningNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Anda-Lote har redusert kapasitet grunna tekniske problem. Rute B vert innstilt ut dagen.
2019-11-14 18:06:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sogndal til Sverige NRK Sogn og Fjordane
Sogndal sine fotballjuniorar møter Elfsborg, Esbjerg og Mjøndalen når dei skal forsvare tittelen som skandinaviske meistrar skriv Haugenfotball.no. Dei første to kampane blir spelte i helga, medan den innleiande runda blir avslutta mot Mjøndalen fredag 6. desember.
2019-11-14 15:43:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fri ferdsel etter trøbbel NRK Sogn og Fjordane
Vogntoget som sleit på glatta i Magnhildskaret på fv. 614 er fjerna. Fleire vogntog kom seg ikkje forbi og det danna seg lang kø. Trafikken går no som normalt, melder Statens vegvesen.
2019-11-14 13:57:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måtte parkere på grunn av lastaNRK Sogn og Fjordane
Under ein trafikkontroll i Førde i går fekk fleire førarar bruksforbod. To førarar sikra ikkje lasta godt nok. På det eine vogntoget stakk fleire jernstenger langt ut.
2019-11-14 13:37:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sju personar vil bli rektorNRK Sogn og Fjordane
Fire kvinner og tre menn vil bli rektor ved Sogndal vidaregåande skule. I første omgang var det to søkjarar til stillinga. Du kan sjå heile søkjarlista her.
2019-11-14 12:39:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire vogntog slit på glattaNRK Sogn og Fjordane
Mellom sju til åtte vogntog slit med å komme seg opp på begge sider av Magnhildskartunnelen på fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen. Politiet melder om at vogntoga står fast på grunn av det glatte føret. Ein strøbil er i området.
2019-11-14 10:01:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har rydda opp etter rasNRK Sogn og Fjordane
Flåmsbana går no som normalt igjen. Trafikken mellom Myrdal og Flåm har vore innstilt sidan måndag på grunn av eit steinras.
2019-11-14 08:48:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil skru opp eigedomsskatten NRK Sogn og Fjordane
Kinn-rådmann Terje Heggheim meiner meir eigedomsskatt er løysinga på den økonomiske krisa i Kinn kommune, skriv Firdaposten. Den nye kommunen vil mangle 78 millionar kroner dei komande åra. Rådmannen vil også bruke pengar frå Havbruksfondet for å få budsjettet til å gå opp.
2019-11-14 08:44:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde lastebil rusaNRK Sogn og Fjordane
Ein sogning i 30-åra er dømd for ei farleg forbikøyring med lastebil og hengar, og i ruspåverka tilstand. Mannen vart stoppa i august i år etter ei forbikøyring på Austlandet. Han må no betale 30.000 kroner i bot, samt klare seg 20 månader utan førarkort.
2019-11-14 07:19:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vant internasjonal prisNRK Sogn og Fjordane
Likørprodusenten FJORDING vann i kveld ein internasjonal pris for beste alkoholhaldige drink. Det var under kåringa «World Beverage Innovation Awards» i Nürnberg at eigar Øyvind Løkling og FJORDING stakk av med prisen. Kremlikøren vert produsert på Sandane.
2019-11-13 21:51:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skuffa over regjeringaNRK Sogn og Fjordane
Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland er skuffa over det han kallar «nesten» eit kontraktbrot, skriv Bergens Tidende. Han meiner dei ikkje har fått sjå nok av arbeidsplassane regjeringa lova skulle flyttast frå Oslo til regionane i samband med regionreforma.
2019-11-13 20:34:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i Eid NRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt i fjellveggen på riksveg 15 like etter tunnelen på Haus i Eid. Personen er ute av bilen og er oppegåande. Det er meldt om glatt vegbane på staden.
2019-11-13 18:27:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil utfor vegenNRK Sogn og Fjordane
På fylkesveg 614 har ein lastebil køyrt av vegen, melder politiet. Det skal ha skjedd i krysset til Norddalsfjord. Det skal vere mogleg å passere for personbilar, men det er glatt på staden. Førar av lastebilen skal ikkje vere skadd.
2019-11-13 16:48:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar i morgonNRK Sogn og Fjordane
Flåmsbana er venta å opne att i morgon tidleg, opplyser Bane Nor til NRK. Togbana, som går mellom Flåm og Myrdal stasjon, har vore stengd i går og i dag etter at steinar rasa ned på spora i går føremiddag.
2019-11-13 15:57:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nok eit skilt er borte NRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane-skiltet ved fylkesgrensa på Maurstadeidet er nok ein gong borte, skriv Fjordenes Tidende. Det har nærast vore ei trend å stele skilt i samband med kommune- og fylkessamanslåingane som trer i kraft i januar. Også i juni stal nokon skiltet frå same stad.
2019-11-13 15:17:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope over SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er opna for fri ferdsel etter uvêr.
2019-11-13 13:27:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Aurland StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.